Versjoner lar deg spore forskjeller mellom flere utgaver av ditt innhold og lar deg gå tilbake til eldre utgaver.

Sindre Sortland

Sindre Sortland skjermdump fra Youtube

Sindre Sortland er utdanna som klassisk gitarist frå Haugesund, og har formidla gitarmusikk for eit breitt publikum gjennom konsertar og musikalske innslag.

Repertoaret spenner frå rennessansen til heilt moderne stykker. Sindre har like stor glede av å opptre med musikk av Johan Sebastian Bach som musikk av Heitor Villa-Lobos. I tillegg til musikk for ein gitar opptrer Sindre gjerne med ein av sine samspelsvener, fløyte, fiolin, song el.l

Cand Philol i gitar (Griegakademiet, UiB), bossafot etter studier i Brasil. Sindre har m.a. spelt skulekonsertar i Rogaland og på alle barneskulane Hordaland, og han er jevnleg workshop-leiar på komposisjonsprosjekt for barneskular i regi av Bit20-ensemble. Sindre har hatt engasjement som teatermusikar på Den Nationale Scene og Logen Teater i Bergen. Han har framført ny norsk musikk på festivalar for samtidsmusikk, både innanlands (Autunnale og Borealis i Bergen og NuMusic i Stavanger) og i utlandet (UNM i Helsingfors og London). Sindre likar seg i spenningsfeltet mellom HiFi og LoFi og underviser deltid i Vaksdal Kulturskule der elevane frå tid til annan har GitarSløyd.

Sindre speler på klassiske gitarar laga av Hanno Kiehl Trevor Semple og SoloEtte

Sindre Sortland driv eit lite studio, og han kjem gjerne for å ta opp konserten din mot ei godtgjersle. Han har klassiske instrument som si nisje, frå soloinstrument til kammerorkester, og han har gjort opptak for m.a. Bit20 Ensemble, Bergen Middelaldermusikkdager, Currentes og Griegakademiet, institutt for musikk

Sindre har gode mikrofonar og nyttar m.a. den moderne klassikaren DPA 4006.

Spiller i duoen A Mar

Video: 
Kilder: 
Sindre Sortland
Beliggenhet: 
Forfatter: 
JoarKvanvik

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 23.01.2019 - 11:39
Oppdatert dato: 23.01.2019 - 11:51
Sist endret av: JoarKvanvik
Toggle menu