Vind i gardhol

Jærsk visesong - Vind i gardhol

Den store visebølgja i Noreg på 1970-talet hadde òg utslag i Hå. Ikkje så lite vellukka heller. Gruppa Vind i gardhol laga fleire songar som har vorte allsongfavorittar på Jæren.

Vind i gardhol gav ut ei plate i 1981, og med i gruppa var fem Obrestadkarar; Jarle, Svein, Torstein, Hans og Leif. I tillegg Sigmund Aanestad og Trond Gudmestad. Plata held seg den dag i dag, og dei fleste jærbuar kan store delar av songar som Putlaa, Vind i gardhol, Kortspel og Kjøb sandala. Tekstane var skrivne av gruppa sjølv, men også songar av Torvald Tu, Tobaias Skretting, Jon Line, Klaus Hagerup og Hartvig Kiran.

To av dei mest kjende songane er Putlaa og Kortspel. Putlaa er ein tekst frå 1892, forfattaren er ukjend. Kortspel er skriven av Leif Obrestad. Her finn du tekstane. På Rogalyd kan du høyra utdrag frå plata Vind i gardhol.

Putlaa
Her paa Jæren me putla og græve,
ja, me putla og græve oss fram.
Men alt det må putla og græve,
so kjem me`kje længere fram.

Her paa Jæren me putla og fiska,
ja, me fiska paa sild i kvar Vig.
Men alt det me putla og fiska,
vert ein Jærbu nok aldrige rig.

Her paa Jæren me putla og læse,
ja, i Salme- og Bibelens Bog.
Men alt det me putla og læse,
blir ein Jærbu ei synderlig klog.

Her paa Jæren me putla og drikke,
ja, me drikke saa jamt og saa tæt.
Men alt det me putla og drikke,
blir os Livet ei synderlig let.

Nå er Jærbuen lei taa aa græve,
han er lei taa aa putla seg fram.
Nå vil Jærbuen ogsaa faa leve,
aat Amerika gjeng adle Mand.

Kortspel
Når dagens sled va øve
å kydene va molkte,
å bonden hadde sådd å skvetta lort.
Då møttest byggdas kortfantom
rondt bordet i et eige rom
mæ ei bodda gamle krågekort.

 Refr:  Nå må du få kortå ud!
         Ta inn kjøbet!
         Sjå ka du fekk.
         Du må ha litt kortspelforstand
         visst du ska hala seieren i land.

Dæ va ei eigå stemning
då Otto tende pibå
å lae ud ei sky av raue mix.
Å kortå vart fordelte
med fira kort i loftå.
Ja, det va et ekta Otto-triks.

Refr: Nå må du...

Me onga fekk jo sjå på,
å det va jo ganske løye
å sjå ken så sist vart jagt i seng.
Stemningå va spente,
å trumfen taldest nøye,
for kampen va hard om kvart poeng.

Refr: Nå må du...

Video: 
Vind i gardhol
Etablert/født: 
1981
Aktive fra/til: 
1981
Sjanger: 
Beliggenhet: 
Forfatter: 
Olav

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 12.12.2012 - 14:04
Oppdatert dato: 26.09.2016 - 10:43
Sist endret av: Joar Kvanvik
Diskografi: 

Vind i Gardhol

Vind i gardhol

1999

Logg inn Få tilsendt innlogging

Logg inn med sosiale medier for å legge til innhold. Eller få tilsendt innlogging.

Toggle menu