Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Ståle Strømsvold

Etablert/født: 1971
Virksom: 1982

Ståle Strømsvold drog dei fyrste akkordane som 11 åring, og har sidan då spelt gitar samstundes som han har drive med fleire humorshow i samarbeid med lokale kjende artistar i Stavanger

Gjennom Tore Renberg sin roman, Mannen som elsket Yngve, er han framstilt som den store gitarhelten i boka.

Han er fengande og energisk i framføringa si, kor el-gitaren står i sentrum.
I samspel med publikum blir gleda over song og musikk vidareformidla gjennom humor og heftig gitarspel.

Ståle si tidsmaskin tek publikum med til nokre av 60- og 70-talets svingande høgdepunkt. Kjem Ståle i godhjørna, skal ein heller ikkje sjå vekk i frå at han vil prøve å elektrifisera nokre klassiske verk.

Eit av måla med opptredenane er å presentera publikum for noko nytt og annleis. Men bak dette ligg òg eit ynskje om at publikum skal få med seg noko heim.

Se også: De musikalske morokokkene,Norges Philharmoniske Orkester,Hekkan, Storland Maskin, Mud, Dethroned Fishfaces

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙