Ståle Strømsvold

Ståle Strømsvold drog dei fyrste akkordane som 11 åring, og har sidan då spelt gitar samstundes som han har drive med fleire humorshow i samarbeid med lokale kjende artistar i Stavanger

Gjennom Tore Renberg sin roman, Mannen som elsket Yngve, er han framstilt som den store gitarhelten i boka.

Han er fengande og energisk i framføringa si, kor el-gitaren står i sentrum.
I samspel med publikum blir gleda over song og musikk vidareformidla gjennom humor og heftig gitarspel.

Ståle si tidsmaskin tek publikum med til nokre av 60- og 70-talets svingande høgdepunkt. Kjem Ståle i godhjørna, skal ein heller ikkje sjå vekk i frå at han vil prøve å elektrifisera nokre klassiske verk.

Eit av måla med opptredenane er å presentera publikum for noko nytt og annleis.  Men bak dette ligg òg eit ynskje om at publikum skal få med seg noko heim.

Se også: De musikalske morokokkene,Norges Philharmoniske Orkester,Hekkan, Storland Maskin, Mud, Dethroned Fishfaces

Spotify: 
Video: 
Ståle Strømsvold
Etablert/født: 
1971
Aktive fra/til: 
1982
Beliggenhet: 
Forfatter: 
Joar Kvanvik

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 04.12.2014 - 22:42
Oppdatert dato: 18.10.2019 - 12:12
Sist endret av: JoarKvanvik
Diskografi: 
Toggle menu