Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Sandnes Trekkspillorkester

Etablert/født: 2005
Virksom: 2005

Sandnes Trekkspillorkester er lokalisert og etablert i Sandnes og vil vise seg tydelig i bybildet.

Sandnes Trekkspillorkester (STO) blei danna våren 2005 i etterkant av Distriktsmesterskapet på trekkspel i Haugesund. Initiativtakarar var Ole Røed, Nils Klungtveit og Kai Olav Kristiansen, alle med bakgrunn frå Sola trekkspillklubb. Dei tre var alle busette i Sandnes og på jakt etter eit tilbod i heimbyen. Tore Koppang blei - og er framleis - engasjert som dirigent på frivilleg basis. Ole Røed blei orkestret sin første formann, men då han flytta utanbys sommaren 2006, tok Kåre Særheim over leiarvervet, som han innehar fortsatt. Orkesteret markerte 5 års jubileum i 2010.

Sjanger og rekruttering

STO har ei rekke speleoppdrag gjennom året og spelar både til gammaldans og underhaldning. Besetninga er trekkspel pluss akkompagnement (bass og gitar), og orkestret har ved ulike høve knytt til seg gjesteartistar. STO vil saman med Norske Trekkspilleres Landsforund, Rogaland krets, stå i bresjen for rekrutteringa av trekkspelarar i fylket. Dette ved aktivt å invitere unge utøvarar på trekkspel til seminar og samspel, og ved å opptre og på denne måten best muleg vise igjen i kulturlivet. Ungdomsgruppa tel circa 10 elevar.

Distriktsmesterskap

STO arrangerte våren 2007 Distriktsmesterskap i Sandnes i samarbeid med Jærbelgen Trekkspillklubb og gjentok dugnaden i mars 2009, no med Sandnes Folkedanslag som samarbeidspartnar. Saman med sistnemnde arrangerte STO NM på trekkspel i Sandnes for første gong i juni 2008. Det blei både ein musikalsk og økonomisk suksess. Det litauiske trekkspelorkestret Consona var STO sine spesielle gjestar i høve NM, og orkestret gjorde fleire flotte konsertar både innan- og utandørs. Hausten 2009 reiser STO på gjenvisitt til Vilnius, som er Europeisk kulturhovudstad i 2009. I 2013 skal orkesteret være arrangør for distriktsmesterskapet.

Bildegalleri

Lenker

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙