Primærfaner

Morten Hetland

Morten Hetland foto:Jærbladet

Trubadur/musikar, skodespelar ,teaterinstruktør, kurshaldar,fødd i Stavanger, oppvaksen på Hjelmeland og busett på Fister.

Utanom roller i ymse skuleframsyningar, debuterte Morten på scenen i vaksen alder i «Hjelmelandsrevyen 2011: Kjekt å ha», der han òg var medprodusent og organisatorisk ansvarleg. Elles har han vore skodespelar og/eller instruktør i ei rekkje framsyningar i regi av Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag.

Sidan 2012 har Morten vore musikalsk ansvarleg i Hjelmeland Ungdomsteater, og frå hausten 2013 tok han over som leiar og instruktør, der han har eit tett samarbeid med hovudinstruktør Laila Øvrehus.

Morten har òg skrive, sett opp og spelt tre show og to konsertar saman med Fredrik Hausken og Rita Sørensen (MRF Trio), samt eitt show med «Dvaske Menn».

Elles har Morten vore trubadur i alt frå konfirmasjon og bryllaup til 50-årsdag og galleriopning. Innimellom opptrer han òg som moromann eller musikar i tospann med Magnar Riveland.

Video: 
Morten Hetland
Beliggenhet: 
Forfatter: 
Joar Kvanvik

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 14.08.2017 - 13:03
Oppdatert dato: 14.08.2017 - 13:03
Sist endret av: Joar Kvanvik
Toggle menu