Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Malmin fokuserer på folkemusikken frå Suldal og Bjerkreim i Rogaland.

Malmin er :

Anders Sundsteigen Hana (mikrotonal gitar, langeleik, munnharpe)-Stavanger
Olav Christer Rossebø (fele, hardingfele, mikrotonal mandolin, triangel)-Tysvær

Duoen består av to erfarne og godt etablerte musikarar; Olav Christer Rossebø er kjent frå band som Lady Hardanger, Frøkedal og familien , Geitungen og Bergen Mandolinband. Anders Sundsteigen Hana spelar elles med Naaljos Ljom og The End og har tidlegare vore med i band som Noxagt, MoHa og Ultralyd.

Musikken har dei lært frå arkivopptak med dei gamle meistrane. Ein del av slåttane har dei prøvd å leggja så tett opp til utøvaren som mogleg, medan andre har dei bevisst dratt i ei anna retning ved å halda seg til naturskalaen og gamle langeleikskalaer.

Dei nyttar tradisjonelle instrument som hardingfele, vanleg fele, langeleik og munnharpe, men òg gitar og mandolin som dei har rigga mikrotonale for å betre kunne spegla tonaliteten ein høyrer i arkivopptaka. Det vert også sagt at triangelet er spesialbestilt frå Vågå, smidd av stålet frå ein gammel høygaffel, for å oppnå den rette klangen.

Opplev musikken

Spotify
An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙