Lyng er ein trio frå Stavanger som spelar eigenskreven musikk i grenselandet mellom viser, jazz, pop og blues.
Dei fleste songane er på norsk, men nokre er også på engelsk og fransk. Instrumenta Lyng brukar er for det meste sang, gitar og kontrabass, men av og til kjem toraderen fram for å gi den franske følelsen.
Lyng består av Rigmor Jønsson på song, Gerhard Ersdal på gitar og Astrid Espe på bass, torader og koring. Bandet har gitt ut to album (Dragevind i 2016 og Skyggen min i 2017) som begge har fått god mottakelse.