Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Luftskipet Noreg

Etablert/født: 2006
Virksom: 2006 -2010

Luftskipet Noreg var ei alternativ rockegruppe frå Stavanger med sjuk interesse for tysk og nynorsk, i tillegg til psykiatriske institusjonar og familieproblem.

Gruppa byrja som eit ambisjonslaust prosjekt, men spelte i 2006 inn demoen "Luftskipet Noreg" og melde seg på UKM. Kulturmønstringa førde Luftskipet heilt til landsfinalen i Trondheim. Framsyningane i UKM vart følgt av konsertar på Metropolis og Checkpoint Charlie. Etter dette tok mannskapet seg ein pause før dei i 2009 på nytt byrja å spela samen. Denne gongen var besetninga samla i Trondheim. Med seg hadde dei ein ny gitarist. I 2010 spelte dei inn sin andre demo som vart kalla "Now or never". Seinare same året held dei ein konsert på Samfundet før dei igjen valde å setja luftskipet på bakken.

Inspirasjonskjeldene har vore mange, alt frå 70-tallsheltane Led Zeppelin til dei moderne indie-rockarane Interpol, utan at dette har klart å påverke musikken noko særleg. Luftskipet følgjer sine eigne overraskande luftstraumar.

Medlemmer:

Henning S. Anthonsen (vokal)
Erlend B. Austerheim (bass)
Karsten Meyer (gitar)
Leiv Aspelund (gitar)
Bjørn S. Anthonsen (trommer)

Bildegalleri

Kilder

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙