Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Leiv (Larsson) Mæle (1890-1971)

Etablert/født: 1890
Virksom: 1890 -1971

Felespiller og kunstner Leiv Mæle fra Forsand

Frå ungdommen tok Leiv (Larsson) Mæle, (1890 14/8 - 1971 13/6) mål av seg til å verta kunstnar og nytta ut dei rike evnene sine.

I ungdommen gjekk han på kunst- og handverkskulen på Voss. Seinare dreiv han med treskjering, rosemåling og måling av landskapsbilete. Han heldt mange kurs i desse faga, ikkje minst i Telemarken, der han elska å vera, og på Sørlandet.

Folkemusikken og felespel (hardingfele) stod hans hjarta nær. Han var ein god felespealr heilt frå ungdommen. Ei tid reiste han kring i landet og heldt konsertar. Han gjesta og Færøyane fleire gonger. I grunnen var han så sterkt knytta til heimegarden at han kjøpte seg etit gammalt hus fra Ryfylke og sette opp i Hatladalen på Melegarden, litt ovanfor der søstera Sikke budde.

Leiv Mæle samla på gamle kultursaker og hadde som eit privat museum i heimen sin.

Han var alltid en farande svein og blei ikkje gift.

Bildegalleri

Kilder

Sigleif Engen - Forsandboka gards- og ættesoge band III 1989

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙