Logg inn Få tilsendt innlogging

Logg inn med sosiale medier for å legge til innhold. Eller få tilsendt innlogging.

Lady Hardanger

Lady Hardanger reiste frå Vestlandet, ramla i gumbogryta i Louisiana og fann vakre popviser i undergrunnen i Berlin. Slik enda dei opp med å spele ei frisinna blanding av cajunmusikk, old time, calypso, pop og norsk tradisjonsmusikk.

Kven er så Lady Hardanger? Kanskje er det ho som spelar på det norskkonstruerte sløydinstrumentet mandolaika. Eller han som slår på det øyredøvande støypejernstriangelet som cajun-folket bøygde av sine eigne utslitne jordbruksreiskapar.

Lady Hardanger er ikkje så opptatt av roller, sjølve er dei både barndomsvenner, elskarar, eksar og naboar. Og om låtane dei spelar ikkje alltid fortel deira eiga historie, så fortel dei – som gode låtar skal – direkte og ærleg om livet, lidinga og kjærleiken.

Gruppa er basert i Oslo, og medlemene er frå band som : I Was a King,Harrys Gym,Geitungen,Bergen Mandolinband,Earlybird Stringband,Stanley Brinks & The Kaniks

Besetning:

Ingeleiv Berstad, vokal, fele- Anne Lise Frøkedal, vokal og gitar --Ingemund Askeland, banjo, munnspel, vokal -Olav Christer Rossebø, fele, mandolin, vokal

Video: 
Lady Hardanger
Beliggenhet: 
Forfatter: 
Joar Kvanvik

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 14.02.2015 - 14:21
Oppdatert dato: 09.04.2015 - 16:12
Sist endret av: Joar Kvanvik