Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Trioen Kveld på Fyret ser nærare på ei yrkesgruppe som er vekkrasjonalisert - fyrvaktarane.

Frå det utgangspunktet framfører dei viser og fortel med tilknyting til fyra og havet. Det blir både på kvardagsliv og drama. I kveld er det meste sjølvskrive. Trioen debuterte på Obrestad fyr for eit lite år sidan, med ein eigen kveld der. Sidan har dei gjort eit drygt titals konsertar, m.a. på Eigerøy fyr og i Helgåleiren.

Kveld på fyret er:
Inger Elisabeth Aniksdal, (gitar mm.) er singer / songwriter frå Vigrestad.
Lars Ole Bergersen (fele).
Per Henry Runde (gitar) vaks opp på Obrestad, der far var fyrvaktar. Han skreiv ei vise til far, og så badla det på seg, med fleire viser....

Alle tre syng, og dei arbeider ved Hå kulturtorg / Hå kulturskule.

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙