Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Jærsk folk-pønk

Krøsteleg folkeparti er eit folk-pønkband frå Sandnes. Bandet består av songar, låtskrivar og gitarist Trond Salte, som skriv og speler inn Krøsteleg folkeparti sin musikk i DIY-studioet sitt. I april 2023 resulterte Salte sitt musikalske arbeid i debutalbumet Heimsleg, eit album som består av 12 songar og som vart utgitt digitalt på Bandcamp, Spotify, Tidal og andre strøymetenestar. Studioversjonane av songane er akkompagnert av gitar, bass og trommer, men live vert songane framført med berre kassegitar og Salte sin rølpete stemme. Tekstane er skrivne på nynorsk og vert sungne på jærdialekt, og dei omhandlar alt ifrå drikking og pessimisme til meininga med livet og det å verta vaksen.

Opplev musikken

SpotifyYoutubeFacebookInstagram

Bildegalleri

Kilder

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙