Logg inn Få tilsendt innlogging

Logg inn med sosiale medier for å legge til innhold. Eller få tilsendt innlogging.

 

Kolbein Haga

Kolbein Haga

Organist og kantor frå Stavanger.

Etter utdanning som organist og kantor ved Norges musikkhøgskule i Oslo (Bjørn F. Boysen), og Det kgl. danske musikkonservatorium i København (Finn Viderø): 
Debut som orgelsolist i København og Oslo hausten 1976.
Han har vore organist og kantor i Den norske kyrkja i 25 år, og arbeider innan dette området som fri kunstnar, som konsulent og som gjesteførelesar innan kyrkjemusikk og orgelbygg, Kolbein Haga er fyrsteamanuensis orgel- og kyrkjemusikk og har vore medansvarleg for kyrkjemusikarutdanninga ved Universitetet i Stavanger / Musikkonservatoriet frå 1980-2000.


Vidare har han arbeidd som prosjektleiar for kyrkjemusikk og rekruttering i KA Kyrkjeleg arbeidsgjevar og interesseorganisasjon sentralt i Den norske kyrkja.
Kolbein Haga har gitt konsertar og gjort radio- og plateinnspelingar i Norden, Baltikum, Sveits, Holland, Storbritannia  og Tyskland. Dette har m. a. resultert i tre CD-ar med Bach.
Han er leiar for Norsk orgelfestival, etablert 1990. (www.orgelfestival.no) 


Over 30 oppdrag har han på samvitet som orgelsakkunnig konsulent, - mest med nybygg, men også med ferdigstilling av forprosjekt, restaurasjonar og ombyggjingar,  samt synfaringar,  tilstandsrapportar og løysingsforslag i samband med problematikken reparasjon/nybygg og kompetansevurderingar ved val av aktuell fagekspertise. 


Kolbein Haga
Etablert/født: 
1952
Beliggenhet: 
Forfatter: 
Joar Kvanvik

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 01.03.2016 - 10:44
Oppdatert dato: 09.12.2016 - 11:04
Sist endret av: Joar Kvanvik