Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Karin Hodne driv som utøvande artist, med oppdrag som sangar og skodespelar.

Ho vert hyra inn både av næringsliv og private aktørar. I tillegg har ho hatt leiande roller i fleire av Fantefølge sine produksjonar på Bryne. Her kan, mellom anna, nemnast hovudrolle i «Bruredansen (2012 og 2015), «Reisen til Julestjernen» (2013) samt medverkande i «I blanke messingen» (2013). Ho har óg helde teaterkurs for barn gjennom Fantefølge.

Det «vanlegaste» artistkonseptet til Karin er ei rolle som syngjande servitør. Dette er eit innslag som passar like godt i alle settingar. Det har, mellom anna, vore framført i julebord og firmafester for både Statoil, Weatherford og Schlumberger. Samstundes passar det like godt i nære tilstellingar som jubileum og bryllaup. Konseptet kan tilpassast akkurat deg og dine ynskjer. Karin skjenkar vin medan ho plutseleg byrjar å syngje. Her har ein fleire songar å velje mellom. I løpet av songen går ho frå bord til bord medan ho flørtar og får kontakt med publikum. Her står arrangør fritt til å plukke ut nokre heldige «utvelde», som får litt ekstra merksemd. Nummera avsluttast med ein felles skål. I jubileum er ein Marilyn Monroe-inspirert versjon av «Happy Birthday» særdeles populært!

Karin kan óg leigast inn saman med gitarist, om ein ynskjer eit meir «klassisk» musikalsk innslag. Her står song og sjangervalet heilt fritt, anten ein ynskjer jærske perler, jazz, pop eller rock.

Som skodespelar har Karin Hodnes rollar spent fra karikert til realistisk. På scenen har ho opptrådd i alt fra klassisk teater til farse og musikal, og ho har hatt fleire roller førre kamera, mellom anna som Veslemøy i den digitale Garborgsløypa.

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙