Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Bandet , frå Haugesund/Bergen/Oslo, har gjennom element frå krautrock, støy, shoegaze og pop/rock kome opp med sin eigen sjølverklærte og unike sjanger – astronaut kraut.

Hypertext byr på velprodusert og appellerande popmusikk, med underfundige melodiar og ei alternativ tilnærming til både instrumentering og låtstrukturar.

Med to album i kofferten har gjengen turnert nedover Europa, og vore innom festivalar som Øya, Hove, by:Larm og Spot-festivalen i Danmark. I løpet av 2012 ga Hypertext ut fire singlar som ein del av eit større singelprosjekt, med Jørgen Træen som produsent og Lars Horntveth frå Jaga Jazzist som gjestemusikar. Dei to samarbeidspartnarane var også med vidare i arbeidet med det tredje studioalbumet til bandet.

Hypertext har i løpet av sine leveår lånt frå mange ulike sjangrar og veksla mellom både krautrock, støy, shoegaze og pop. Det har nærast blitt tradisjon at sekstetten annonserer sin musikalske ståstad med albumtittelen, no når Hypertext døyper sin nye retning. I følgje Wikipedia er progmatisme ei retning innaføre populær progmusikk som «baserer seg på prinsippet om at brukbarheten, anvendbarheten og praktiserbarheten av riff, rytmer og flerstemt vokalharmonier er kriteriene de skal måles med…».

«Progmatism» er også namnet til bandet si tredje albumutgiving som vart slept på Klangkollektivet april 2013.

Besetning:
Erik Johan Bringsvor: vokal, gitar
Anders Bjelland: gitar
Annette Kathinka Servan: vokal, synth, sampler
Snorre S. Lyngstad: bass
Øivind Hatleskog: orgel, synth, gitar, vokal
Joachim Amundsen Trana: trommer

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙