Logg inn Få tilsendt innlogging

Logg inn med sosiale medier for å legge til innhold. Eller få tilsendt innlogging.

 

Hilde Selvikvåg

Popartist frå Lye.

Hilde Selvikvåg er oppvaksen på Lye, like utanfor Bryne på Jæren. Ho har spelt piano sidan ho var seks år og har vore songelev ved Time kulturskule sidan ho var 11.

Hausten 2011 var Hilde med i talentprogrammet, Idol, på TV2. Her fekk ho vist seg fram for fleire hundre tusen sjåarar då ho song si eiga tolking av Hellbillies-låta «Den finaste eg veit» på audition.

Våren 2012 gav Hilde ut EP-en, Løvetannfrø, innspelt og miksa i Musiclab Studio på Randaberg. Fleire av låtane har blitt spelt mykje på lokalradio.

I januar 2014 starta Hilde innspelinga av sitt debutalbum i ABC-studio i Etne, kor Odin Staveland er produsent. Hilde er opptatt av tekstlege tema som inneheld alt frå djup lengsel og kjærleik, til det å berre ville trekkja dyna over hovudet ei lita stund til om morgonen. Særpreget hennar ligg i både uttrykk, melodiføring, stemmeprakt og bruk av jærdialekta.

Spotify: 
Video: 
Kilder: 
Hilde Selvikvåg
Etablert/født: 
1991
Aktive fra/til: 
2011
Beliggenhet: 
Forfatter: 
Joar Kvanvik

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 01.09.2014 - 10:49
Oppdatert dato: 04.04.2017 - 19:59
Sist endret av: Joar Kvanvik