Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Hey Tonight

Etablert/født: 2011
Virksom: 2011

Hey Tonight spelar Creedence Clearwater Revival slik det skal spelast.

“Spel någe kridens!” Kor ofte har me ikkje høyrt ein full fyr som klamrar seg til dama si skrika ut akkurat dette? ”Sjølsagt!” svarar trubaduren med eit smil, fordi han veit at når ”kridens” dukkar opp på repertoaret vil han lett vinna publikum, med allsong og pur feststemning. Men, det er ikkje trubaduren som vinn publikum; det er John Fogerty! Creedence Clearwater Revival var velsigna med ein av tidenes beste låtskrivarar og ein av dei tøffaste rytmeseksjonane musikkhistoria har sett. Få band har laga så sterke spor på så kort tid som CCR gjorde.

Hey Tonight! er ikkje eit "band". Det er eit musikalsk straumdrag - ei rørsle - som set sin byrgskap i å framføra CCR så autentisk, lidenskapleg og ekte som mogleg! Det er eit musikalsk straumdrag som i det dei går på scena, vier heile sin eksistens til å formidla dei fantastiske låtane til Creedence Clearwater Revival. Målet vårt er å gi deg den kjensla du fekk fyrste gong du høyrte Creedence Clearwater Revival.

Medlemer:
Arne Andersen , trommer
Erlend Aasland, elgitar/tangentar/vokal
Jørgen Aasland, vokal/akk.gitar/saksofon
Torje Fanebust Ås, bass/tangentar

Kilder

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙