Geitungen

Trioen Geitungen presenterer låtar som ein gong var populærmusikken blant fest-sugne utkantrogalendingar, låtar som var på topplista av låtar som ein helst ville høyra når ein gjekk til dans.

Trioen Geitungen presenterer låtar som ein gong var populærmusikken blant fest-sugne utkantrogalendingar, låtar som var på topplista av låtar som ein helst ville høyra når ein gjekk til dans - hits frå ei svunnen tid. Geitungen, trioen bak plata, spelar låtane i tråd med godt dansespel nettopp frå desse kantane og denne tida. Klangbiletet er farga i samspel mellom feler, toradar, mandolin, hardingfele, mandola og gitarar fordelt på dei tre musikantane. Uttrykket er enkelt og musikken spenner seg frå lun og varm masurka til heite og yppande hopsarar og syrlege valsar, med til tider nokre influensar frå meir nåtidig populærmusikk og spelestil i arrangementa. Gjennom sitt lunefulle og eggande spel, tar Geitungen lyttaren med tilbake i tid, langt ut til dei halvmørke dansegolva i dei litt meir festlege delane av utkant-Rogaland.   Medlemmer:
Vidar Skrede - hardingfele, fele og gitar
Olav Christer Rossebø - fele, mandolin, mandola og gitar
Håvard Ims - to rads melodeon

Se også:The Blue and the BlondNOMAS , The Secret Carpet Club ,Aamos , Bergen Mandolinband, Earlybird Stringband,Stanley Brinks & The Kaniks, Vidar Skrede Dynamo Band, Lady Hardanger

 

 

SoundCloud: 

geitungen-langt-ute-1

Spotify: 
WiMP: 
Video: 
Geitungen
Sjanger: 
Beliggenhet: 
Forfatter: 
musikkbibliotek

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 08.02.2013 - 11:50
Oppdatert dato: 14.02.2015 - 18:50
Sist endret av: Joar Kvanvik
Diskografi: 

Geitungen

Langt ute

2009

Geitungen

Bra kast!

2005

Geitungen

Vaniljesaus

2001

Logg inn Få tilsendt innlogging

Logg inn med sosiale medier for å legge til innhold. Eller få tilsendt innlogging.

Toggle menu