Folkemusikkarkivet for Rogaland (RFA)

Folkemusikkarkivet for Rogaland

Folkemusikkarkivet for Rogaland (RFA), Ryfylkemuseet, har innsamling, katalogisering og formidling av folkemusikk og folkedans som arbeidsfelt.

Folkemusikkarkivet for Rogaland har innsamling, katalogisering og formidling av folkemusikk og folkedans som arbeidsfelt. Arkivet er organisert som ei avdeling ved Ryfylkemuseet, men har heile Rogaland som arbeidsområde. Folkemusikkarkivet vart offisielt oppretta i 1992 med ei deltidsstilling, og har sidan 1996 hatt ei heil stilling.

I dag inneheld folkemusikkarkivet ei stor samling lydopptak med tradisjonsmusikk frå heile Rogaland. Samlinga inneheld om lag 500 einingar samansett av lydopptak på spoleband, analoge kassettar, dat-kassettar, minidisk og videoopptak på VHS og DV. Alt lydmateriale er digitalisert og slik sikra og tilgjengeleggjort. I tillegg finst det videopptak, notar, foto og faglitteratur om folkemusikk.Arkivet har også ei større notesamling, ei tekstsamling, nokre handskrivne visebøker og mykje bakgrunnsstoff i form av intervju, eldre avisartiklar, brev, nedteikningar m.m. Her finst stoff frå alle kommunane i Rogaland, det eldste lydopptaket er frå 1948.

Arkivet er ope for besøk etter avtale, og under rettleiing frå arkivarane kan ein lytta seg gjennom nesten 70 år med opptak.

 

KVA KAN EIN FINNA I ARKIVET
Folkemusikkarkivet dokumenterer lokal musikk og dans som har levd i ein munnleg tradisjon. Noko kan ha vore i ein slik tradisjonsstraum i fleire hundre år, anna kan ha kome til i seinare tid. Slik inneheld arkivet både stoff med røter tilbake til mellomalderen og nyare stoff som er dikta eller komponert på 1900-talet. Her er altså eit stort mangfald. Materialet i arkivet ligg der for at det skal vera mogleg for alle å ta det i bruk igjen.

Dansen
Takka vera opptak og intervju frå 1970-åra og einskilddansarar som har lært direkte frå dei gamle, er den gamle springardansen frå Suldal i dag framleis i bruk. Rogaland er her ei viktig brikke i det store mangfaldet av eldre pardanstradisjonar som eksisterer i Norge. Arkivet har også opptak av runddans og songleik frå fleire stader i fylket, og ein god del intervju som inneheld opplysningar om dansetradisjonar. I tillegg er det gjort nedteikningar av ulike dansar frå fleire stader i Rogaland.

Vokalmusikken
Arkivet har opptak med nesten alle sjangrar innan den tradisjonelle vokalmusikken, og eit særleg stort og interessant innhald av religiøse folketonar. Elles dominerer barnesongane. Ein finn òg gamlestev, nystev, slåttestev, mellomalderballadar, slåttetralling, sjanti og viser – både skjemteviser, kjærleiksviser, sjømannsviser, rallarviser og andelege viser. Heile fylket er representert.

Instrumentalmusikken
I Rogaland er hardingfelemusikken dominerande. Det er eldre springarar og hallingar, brureslåttar og nyare runddansmusikk som vals, reinlender, polka og masurka. Typisk for store deler av dette stoffet er ein særeigen, eldre tonalitet. Det finst ein god del opptak med spelemenn særleg frå Bjerkreim og Suldal, men også noko frå andre område. Det finst òg opptak med durspel (toradar), trekkspel, munnspel og trommestikker i arkivet.

FOLKEMUSIKK- OG DANSEHELG
Den første Folkemusikk- og dansehelga i Suldal blei arrangert i 1990, og sidan har dette blitt ein årleg tradisjon. Kurset blir arrangert kvar haust på Mo laksegard, og er for deltakarar i alle aldrar og på alle nivå. Instruktørane er av dei beste utøvarane i landet på sitt felt, og i tillegg er det sosiale ein svært viktig faktor for at kurshelga blir vellukka år etter år. Det er kurs i hardingfele, kveding og dans, og somtid i toradar, munnharpe eller seljefløyte. 

KONSERTAR
Folkemusikkarkivet for Rogaland arrangerer ei rekkje konsertar kvart år, med støtte frå mellom andre Norsk kulturråd. Konsertane har varierande innhald – frå familiekonsert til konsert med tradisjonsmusikarar frå andre land og konsertar med norske utøvarar. Nokre konsertar er veldig tradisjonelle, medan andre er meir i grenseland mot andre sjangrar. Ryfylkemuseet sine anlegg byr på mange spennande lokale som gir gode og stemningsfulle rammer rundt konsertane, der det alltid blir formidla musikk av høg kvalitet og der publikum kjem tett på gode utøvarar.

Kilder: 
Folkemusikkarkivet for Rogaland (RFA)
Etablert/født: 
1992
Aktive fra/til: 
1992
Beliggenhet: 
Forfatter: 
JoarKvanvik

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 01.10.2017 - 13:12
Oppdatert dato: 01.10.2017 - 13:35
Sist endret av: JoarKvanvik
Diskografi: 

Andresen, Eddie

Songar frå Jelsa

1997
Toggle menu