Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Fjellfolk er ei musikkgruppe frå Bykle som vart etablert i 2008.Vokalist Helga Jacobsen er frå Stavanger.

Medlemmene er Trym Bjønnes på gitar, Tor Hoslemo på hardingfele og Helga Jacobsen som vokalist. Gruppa har hatt konsertar på MaiJazz, Eikerapen Roots Festival, Canal Street, Ekstremsportveko og Nordsjøfestivalen.

23. januar 2013 vart det kjent at dei skulle vere ei av sju grupper som skulle vere med i delfinalen i Florø for Melodi Grand Prix 2013. Bidraget til gruppa heiter Ulvetuva. Laurdag kveld 26. januar 2013 gjekk dei vidare til finalen i Oslo som nummer to av tre grupper i denne delfinalen.

Men i finalen i Oslo Spektrum 9. februar 2013, der dei spelte som nr. 2 og dit over hundre sambygdingar hadde teke turen for å få med seg opplevinga, kom dei ikkje vidare til Gullfinalen.

17. mai 2013 fekk dei Kulturprisen i Bykle for 2013

Se også: Klang av Oldtid

Lenker

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙