Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Psykedelisk spacerock, inspirert av blues, India og det stadig ekspanderande verdsrommet skulle setje deg på rett radiobølgje for å få inn Electric Eye. Med blant anna The Black Angels, Wooden Shjips, Pink Floyd i Pompeii og Embryonic-plata til The Flaming Lips på stereoen har Electric Eye kome fram til eit interessant og fengande møte mellom psykedelia og krautrock.

Electric Eye slapp i april 2013 si debutskive «Pick-up, Lift-off, Space, Time» på Klangkollektivet i Noreg og på Fuzz Club records i England. Plata er ein psykedelisk drone-trip med stemningar i fokus, tufta på insisterande rytmar og melodisk gitarspill og vart svært godt motteke av både publikum og annmeldarar. Kort tid etter gjorde dei konsert på Nattjazz i Bergen og var det norske alibiet i «The Psychedelic Sounds of The North»-turneen i Skandinavia september 2013. Live-uttrykket til Electric Eye er solid, dronande og psykedelisk. I løpet av hausten 2013 skal bandet også innom Portugal på turné, før turen gjekk vidare til den anerkjente festivalen Iceland Airwaves i Reykjavik. I løpet 2014 har Electric Eye allerie spelt på Europas største bransjefestival Eurosonic Noorderslag i Nederland. Men bandet er også bekrefta til SXSW i Austin, Texas, SPOT-festivalen i Århus og The Great Escape i Brighton. I slutten av mars er dei i tillegg klare for sin første London-konsert, på den nordiske JaJaJa-kvelden.

Det bergensbaserte bandet med brei haugesundsdialekt består av Øystein Braut (The Alexandria Quartet, Dig Deeper, The Low Frequency in Stereo,Panzerwagen), Njål Clementsen (The Megaphonic Thrift, Low Frequency in Stereo,Gaupe,Panzerwagen), Anders Bjelland (undergrunnsbergens studio-guru og gitarist i Hypertext,Gaupe) og Øyvind Hegg-Lunde (jazz/noise/drone-trommis med uteljelege prosjekt, bl.a Junip og The Big Almost). Alle erfarne og høgt respekterte musikarar som har turnert Norge, Europa og USA på kryss og tvers dei siste åra med sine respektive band.

«Pink Floyd har for mange vært en perfekt sammenligning lenge, men det holder ikke. Denne debutplata er så mye mer. Med bandets blytunge rytmer, seige riff, melodiøse og utsvevende partier drømmer du deg lett bort til overdosen av vellyd Electric Eye serverer.» - GAFFA (5/6)

Besetning:

Øystein Braut: gitar, vokal

Njål Clementsen: bass
Anders Bjelland: tangentar
Øyvind Hegg-Lunde: trommer

Opplev musikken

SpotifyYoutube
An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙