Logg inn Få tilsendt innlogging

Logg inn med sosiale medier for å legge til innhold. Eller få tilsendt innlogging.

 

Distriktsmusikarane i Ryfylke

Distriktsmusikarane i Ryfylke er ei gruppe profesjonelle musikarar som starta opp for meir enn 25 år sidan i Suldal.

Dei er tilsett i Suldal kommune og tar imot oppdrag frå lag og organisasjonar som er heimehøyrande i kommunen. Ensemblet held og konsertar og spelar kammermusikk rundt om i Ryfylke og regionen elles ilag med andre musikarar. Alle er lærarar på sine instrument og samarbeider med elevane og dei andre lærarane på ulike prosjekt i kulturskulen.

Xenia Berkova kjem frå Slovakia. Ho har studert fiolin ved Konservatoriet og Høgskolen i Bratislava og ved Høgskolen i Stavanger. Xenia har spela i Bratislava Chamber Soloists, Slovak Filharmoni Orchestra, Stavanger Symfoniorkester og MUNOR-ensemblet. Ho har og spela på meisterklassar for bl.a. Alexander Arenkov, Evgenia Chugajeva, Frantisek Novothny, Zakhar Bron, Christian Altenburger og Evgeni Grach.

Kjetil Ree-Pedersen frå Sandnes har studert cello ved Norges Musikkhøyskole i Oslo, Sibelius Akademiet i Helsinki og Sweelinck konservatoriet i Amsterdam. Kjetil har spela i Stavanger Symfoniorkester, Nordnorsk Kammerorkester, Kristiansand Kammer- og Symfoniorkester og Norsk Barokkorkester i Noreg og var Landsdelsmusikar i Finnmark. I Nederland spela han i Nederlandsk Ballettorkester og var solocellist i Amsterdam Symphony, Continuo Rotterdam og kammerorkestra Musica Ducis og Terra Reno. Han har spela på meisterklassar for Janos Starker, Truls Mørk, Anner Bijlsma, Mats Rondin, Steven Isserlis, Christophe Coin, Frans Helmerson og Wolfgang Boetcher.

Veerle Omer Tieghem kjem frå Belgia. Ho studerte piano med Johan Duijck ved Royal Conservatory of Ghent. Som medlem av Chiarina Trio har ho reist rundt i heile Europa og konkurrert på høgt nivå. I tillegg har ho vore å høyra på nederlandsk radio, spelt på den belgiske ambassaden i Roma, på ESTA-kongressen i Brugge og på mange andre konsertar i Belgia og Nederland. Ho har og studert akkordeon og trekkspel.

Video: 
Kilder: 
Distriktsmusikarane i Ryfylke
Beliggenhet: 
Forfatter: 
Joar Kvanvik

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 18.06.2015 - 19:04
Oppdatert dato: 18.06.2015 - 19:04
Sist endret av: Joar Kvanvik