Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Dag & Stasjonsungane er eit lokalt musikkprosjekt.

Dag Madland har passert 40 med god margin, det har gjort han utolmodig. Til slutt klarte han ikkje lenger å halda seg vekke frå blyanten og mikrofonen. Etter 12 års pause frå rampelyset vendte han tilbake i manesjen.

I april 2018 kjem han med sitt album «Vannåre».Dag fortèl i sine viser om oppveksten på garden Odland. Alt frå problema med «vannåre» under våningshuset til skildringar av atmosfæren på samlingsplassen på kjøkkenet.

Det meste er skildra gjennom augene til barna i heimen og gjev mange lettgjenkjennelege tilbakeblikk på livet på Jæren på 70 og 80-talet.

Saman med Richard Madland og Sven Arne Vestbø brukte han vinteren i studio på Varhaug. I tillegg fekk gjengen med seg Lars Ole Bergersen på fele, Kårstein Bø på tangenter, Livar Enåsen på kontrabass og Ranveig Marie Nesse på vokal.

Se også: Silo & Saft

Lenker

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙