Dag og Stasjonsungane

Dag Madland (fra venstre) Sven Arne Vestbø og Richard Madland er tre av medlemmene av Dag & Stasjonsungane. FOTO: Privat/Jærbladet

Dag & Stasjonsungane er eit lokalt musikkprosjekt.

Dag Madland har passert 40 med god margin, det har gjort han utolmodig. Til slutt  klarte han ikkje lenger å halda seg vekke frå blyanten og mikrofonen. Etter 12 års pause frå rampelyset  vendte han  tilbake i manesjen. 

I april  2018 kjem han med sitt album «Vannåre».Dag fortèl i sine viser om oppveksten på garden Odland. Alt frå problema med «vannåre» under våningshuset til skildringar av atmosfæren på samlingsplassen på kjøkkenet. 

Det meste er skildra gjennom augene til barna i heimen og gjev mange lettgjenkjennelege tilbakeblikk på livet på Jæren på 70 og 80-talet.

Saman med Richard Madland og Sven Arne Vestbø brukte han vinteren i  studio på Varhaug. I tillegg fekk gjengen med seg Lars Ole Bergersen på fele, Kårstein Bø på tangenter, Livar Enåsen på kontrabass og Ranveig Marie Nesse på vokal. 
 

Se også: Silo & Saft

Spotify: 
Dag og Stasjonsungane
Etablert/født: 
2017
Beliggenhet: 
Forfatter: 
Joar Kvanvik

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 09.04.2018 - 15:02
Oppdatert dato: 09.04.2018 - 15:28
Sist endret av: Joar Kvanvik
Toggle menu