Dag Magnus Narvesen

Dag Magnus Søyland Narvesen

Dag Magnus Søyland Narvesen er ein jazztrommeslagar og komponist frå Stavanger.

I 2008 flytta han til Oslo, etter å ha studert på jazzlinjene ved Universitetet i Stavanger og NTNU i Trondheim.

Dag Magnus Narvesen sit i styret til improvisasjonskollektivet Kitchen Orchestra i Stavanger. Gjennom dette orkesteret har han spelt og samarbeidd med blant andre Alexander von Schlippenbach, Evan Parker, Steve Beresford og Keith Tippet. I tillegg dreiv han kvintetten Sasquatch, som har gjeve ut plata Enter The Sasquatch (CCAPknirk 2010). Han speler òg i Gunhild Seims Time Jungle som har gjeve ut platene Time Jungle (Drollehålå 2007), Morpho (Drollehålå 2009) og Elephant Wings (Drollehålå 2012).

Andre musikarar assosiert med Dag Magnus Søyland Narvesen: Stine Janvin Motland, Johannes Bauer, Klaus Ellerhusen Holm, Øyvind Storesund, Andrew D'angelo, John Holmström, Thomas Jäderlund, Fredrik Ljungkvist og Marilyn Crispell.

Video: 
Kilder: 
Dag Magnus Narvesen
Etablert/født: 
1983
Sjanger: 
Beliggenhet: 
Forfatter: 
Joar Kvanvik

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 15.04.2016 - 15:15
Oppdatert dato: 30.06.2016 - 10:31
Sist endret av: Joar Kvanvik

Logg inn Få tilsendt innlogging

Logg inn med sosiale medier for å legge til innhold. Eller få tilsendt innlogging.

Toggle menu