Logg inn Få tilsendt innlogging

Logg inn med sosiale medier for å legge til innhold. Eller få tilsendt innlogging.

Bjergsted Blågraslaug

Skulle du vandra gjennom Stavanger sine gater og høyrde ljoden av banjo og fleirstemd vokal veit du at det er lauget som er ute og kaukar.

Det var ein tørr og varm sørstatsdag i Vest-Noreg - plutseleg, mellom kvinande tog og ljoden av stålhamrar, kjende to gutar eit kall som dei aldri har kjent før. Eit kall etter å spreia den musikken som heile tida har vore i hjarto deira, men som aldri har funne vegen til overflata; blågras.

Det gjekk ikkje lang tid før ljoden av klimpring og song med øyredøyvande eldhug spreidde seg til dei indre øyregangane tilhøyrande andre spelefantar som så uvitande var fanga i ei verd av såkalla "to-fem-vendingar" og "fri-bagg" - i utklekkingsanstalten Bjergsted.

"Opne strengar? Kva er det?", spurte dei.

Etter kvart stakk det seg ut to eldsjeler i dette enorme virvaret av jazzistar, og etter mykje omstilling og hardt arbeide frå alle parter, vart det Bjergsted Blågraslaug stifta. Saman tok dei den amerikanske blågrastradisjonen vidare samtidig som dei holdt fast i den leikskapen og musikalske kommunikasjonen som du finn i jazzverda. 

Ble oppløst i  2015. Se også Strengeplukk og Felegnukk.

Besetning:
Aleksander Grønstad - gitar
Andreas Barsnes Onarheim - mandolin
Thorbjørn André Bilstad Olsen - banjo
Thorleifur Gaukur Davidsson - munnspill

Kilder: 
Bjergsted Blågraslaug
Etablert/født: 
2015
Beliggenhet: 
Forfatter: 
Joar Kvanvik

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 03.05.2015 - 21:46
Oppdatert dato: 20.03.2016 - 12:54
Sist endret av: Joar Kvanvik