Vi mistet tilkoblingen, vennligst vent mens vi forsøker å koble til på ny.
Rogalyd logo

Bård&Børre band består av noen herremenn fra sørvestlandet som deler både musikalske og viktigere verdier.

Ein dag spelte dei kvar for seg på ein vennefestival, Børre med hans General Forsamling, og Bård med Helldorado. Bård sende etter dette ein sang til General Forsamling som han tenkte dei kunne nytta. Børre likte det han høyrde, men i staden for å bukke og ta imot, sende han ein sang i retur via messenger (usosiale media). Bård kunne ikkje vera verre og sendte enda ein sang, og slik gjekk det at 6 sangar vart klar. Dei fekk med seg indianaren Kenneth Andersen på trommer og perkusjon (kjent frå bl.a. Aaslandbros, Cpt.Biff & The seamen og Sinclair and the rovers). Bård & Børre Band var straks eit faktum. Med eit par øvingar på loftet i garasjen til Børre på Varhaug, forstod begge at her er noko godt og gildt. God kjemi og felles filosofi kring musikk og livet generelt, ende i liveinnspeling av debut- ep`n «Sanger i E» Innspelinga er spelt inn i E, og er og mikset av Torbjørn Solum i Stavanger.

Børre Bratland (General Forsamling) Børre har med General Forsamling nå 4 utgivingar bak seg, og har allereie klassikarstatus, òg utanfor Sør-Jæren. Han har blant anna brakt Generalen helt til Oslo på Rockefeller, Stavanger konserthus og til byens tronge buler. Om det var sumpene i Mississippi eller elva sine ulykkelege, livgivande strømningar som gav John Hurt innsyn i menneskesjeler, så er det Nordsjøens nådelause bølgjer og vindens piskeslag over Jæren som har gitt Børre hans bitre livsvisdom. Livet der er hardt, og mang ein jærbu har blitt funnen dinglande på låven. Jærbuens bodskap er likevel ikkje resignasjon. For om det ikkje nødvendigvis er lys i mørket, så gjev det i allefall eit håp om lys, slik helvete fortel oss at det, mest sannsynleg, er ein himmel. Det kan vere pjuskete og dårlige vener frå hovudstaden, eller den stakkars kvinna som har gått til alters med denne mannen, men Børre stillar med dyprøysta nidvers, billig øl og lighter, der han held hoff på det godt innrøykte garasjeloft.

Bård Halsne (Hans Williamsen) Bård er frå Randaberg på Nord-Jæren der det bles som verst. Her er pietismen sine røter framleis i live, og alt har si forklaring. Etter å ha kome halvvegs ut i livet, har han endeleg skaffa seg hyns, høy, ved og poteter. Utanom livet som tidligare utslitt, er han nå husmor på Bø. Bård har sidan tisselukt-alder vore aktiv med sang og musikk. Det kan nevnast Silver Voices, Elderly Brothers, Sonic Beat BOOM!, Hans Williamsen & Avløysarane og Helldorado. Han er vel kanskje mest kjend for sine bidrag i bandet Helldorado frå 2002 til no. Sidan den gong, har han nådd å vere med på 5 av deira 7 utgivingar, der det har blitt turnert i inn- og utland. I dei siste 3 åra har han jobba iherdig med Sonic beat BOOM!, bandet som no endeleg har sluppet ut to utgivingar. Bård kaller seg òg Hans Williamsen, som er eit Hank Williams konsept, der både legenda sine sangar og eigne sangar tolkast på vestlandsdialekt saman med bandet Avløysarane.

(tekst hentet fra Safe & Sound recordings)

Opplev musikken

SpotifyYoutube
An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙