Primærfaner

Ballister

Ballister er utan tvil ei hardtslåandes og energisk gruppe.

Den ubeskjedne energien til Rempis og Nilssen-Love fungerer i tett harmoni med Lonberg-Holm´s cello og elektronikk, noko som gjer Ballister til ei kraftig lyttaropplevelse der bandet kombinerer drivande groovar med støyande teksturar, men også melodiske interjeksjonar.
Kjensla ein som lyttar kan få av desse overlappande rytmane, er som at eit teppe sakte vert drege vekk under deg medan musikken framleis held på sin sterke framdrift.

Musikalske referansar er Julius Hemphill sine grupper frå 70 -og 80-tallet, Ornette Coleman´s Prime Time og dei tidlige 70-talls utforskningane til Miles Davis´elektriske grupper.

Dave Rempis – saksofoner Fred Lonberg-Holm  cello/elektronikk Paal Nilssen-Love -trommer

Video: 
Ballister
Etablert/født: 
2009
Sjanger: 
Beliggenhet: 
Forfatter: 
Joar Kvanvik

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 13.03.2015 - 09:03
Oppdatert dato: 13.03.2015 - 09:03
Sist endret av: Joar Kvanvik

Logg inn Få tilsendt innlogging

Logg inn med sosiale medier for å legge til innhold. Eller få tilsendt innlogging.

Toggle menu