Åshild Vetrhus

Songaren Åshild Vetrhus er med den klåre røysta si sjølve stammen i Tindra.

I frå Rogaland og heimplassen Suldal  har ho med seg den lokale folkemusikken inn i ensemblet. Åshild har utdanninga si frå Norges Musikkhøgskule, 2000 – 2004, kor ho fordjupa seg i pedagogisk og utøvande formidling av folkesongen. I tillegg til Tindra og solistoppdrag har Åshild ensemblet «Salikatt» saman med felespelar Mari Skeie Ljones og dansar Ingeleiv Berstad og ei prosjektframsyning med namn «Når du er borte» saman med folkesongar Solbjørg Tveiten og jazzpianist Andreas Ulvo.

«Når Åshild syng er det sant alt i hop. Det ærlege uttrykket og den skarpskorne songen hennar utfordrar det virtuose. Less is more…» Jorun Marie

«Åshild har eit herleg, klart og direkte uttrykk i songen sin som fangar merksemda di med det samme. Det er ein fryd å bygge oppunder tekstane og historiane når det blir formidla på ein slik måte.» Irene

Video: 
Åshild Vetrhus
Etablert/født: 
1978
Sjanger: 
Beliggenhet: 
Forfatter: 
musikkbibliotek

Siste oppdateringer

Innleggsdato: 05.02.2013 - 11:12
Oppdatert dato: 20.09.2015 - 10:48
Sist endret av: Joar Kvanvik

Logg inn Få tilsendt innlogging

Logg inn med sosiale medier for å legge til innhold. Eller få tilsendt innlogging.

Toggle menu